Ope: 10 – 18 (15)
Mat: 08 – 21 (09 – 20)
Avvikande opningstider

Elektronisk gåvekort

Her kan du betala og aktivera eit tomt gåvekort du vil gi bort. Tomme gåvekort får du i alle butikkane på Fjord’n senter.

Få senteravisa på e-post!

Ønskjer du å fylgja med på tilboda våre men får ikkje senteravisa i posten? Meld deg på e-postlista vår!

Klikk her for å få senteravisa og anna informasjon direkte til innboksen din.

Vinmonopolet ope:

Torsdag kl. 12–16
Fredag kl. 12–17
Laurdag kl. 12–15
(Stengt dei andre dagane)

Fjord'n senter - meir enn du trur

Sidan 1989 har Fjord'n senter vore eit senter for handel og service i Eikelandsosen. Her finn du det meste av det du treng frå apotekarvarer til måling. Fjord’n senter er eit naturleg handelssenter for Fusa og for dei nærmaste bygdene i nabokommunane. Me legg vekt på at senteret skal vera både ein triveleg stad å handla og ein sosial møtestad.

Uteområdet rundt Fjord'n senter er kjempefint, med benkar og plenar, og moglegheit til å koma inn med båt når ein skal handla! På sørsida av senteret ligg kommunetunet, med m.a. Fusa folkebibliotek.

Parkering

Det er mange parkeringsplassar rundt Fjord’n senter. Med inngang på tre sider av senteret er det aldri langt frå bilen til du er innomhus.

Gjestebrygge

Vi har 48 m kaiplass berre 60 m frå senteret.

Handikapparkering

Det er oppmerka plassar for handikapparkering tett ved inngangen på nordsida av senteret.

Hundeparkering

Det er ikkje eige område for hundeparkering. På grøntområde rundt senteret er det fleire tre som du kan bruka til å binda fast hunden medan du er på Fjord'n senter. Hugs å bruka hundepose om det ligg att eit visittkort.

Sykkelparkering

Ved inngangen mot nord står det sykkelstativ.

Minibank

Sparebanken Vest har minibank i Fjord’n senter. Den er tilgjengeleg døgnet rundt på nordsida av senteret.

Toalett

Toalett finn du både i fyrste og andre høgda. Handikapptoalett er i fyrste høgda.

Stellerom

Stellerommet er ved sida av toalettet i
andre høgda.

Matservering

På Tønnekaffeen får du alt frå kaker og rundstykke til varmrettar.

Ladestasjon for elbil

Fjord'n senter har to ladestasjonar for elbilar.

Gåvekort

Hos Kamille i fyste høgda, får du kjøpt gåvekort som kan brukast i alle butikkane
i Fjord'n senter.

 

Hittegods

Om du har mista noko på Fjord’n senter, så vend deg til Tønnekafeen og spør. Dei tek vare på ting som vert levert inn. Tønnekafeen har telefon 56 58 18 00.

 

Ledige stillingar

Har du lyst å arbeida i Fjord'n senter? Ta kontakt direkte med butikken du ønskjer å arbeida i. Oversikt med telefonnummer til butikkane finn du i her.

 

Leige av lokale

Ønskjer du å leiga butikk- eller kontorlokale i senteret? Ta kontakt med Sambygg AS på telefonnummer 56 58 30 80.

 

Salsstand

Salsstand på Fjord'n senter kostar kr. 350,-
pr. gong når det ikkje er andre aktivitetar på senteret. Under marknadsdagar og andre dagar med marknadsført aktivitet er standavgifta kr. 400,- for ordinær stand og
kr. 600,- for stor stand.

Vil du ha stand på Fjord'n senter, kontakt oss på telefon 56 58 11 26 eller e-post: post@fjorden-senter.no

 

Kakelotteri

Ønskjer de å ha kakelotteri på senteret? Hugs at de må ha godkjenning frå kommunelege, Fjord'n senter og Fusa lensmannskontor.

 

Telefonnummer

Senterkontoret .....................56 58 11 26
Vaktmeister (kun SMS) ..........93 45 42 45

 

Er det varer eller tenester du saknar i senteret, eller har du andre saker du vil ta
opp med oss? Ring oss eller send oss
ein e-post.

Avvikande opningstider

 

Vitusapotek Fusa

Måndag – fredag kl. 10.00–17.00
Torsdag kl. 10.00–18.00
Laurdag kl. 10.00–15.00

www.vitusapotek.no

 

Tønnekafeen

Måndag – fredag kl. 10.00–18.00
Torsdag kl. 10.00–18.00
Laurdag kl. 10.00–15.00

tonnegarden.no/tonnekafeen

 

Sparebanken Vest

Rådgjeving/ekspedisjon Fjord’n Senter
f.o.m. 15. mai t.o.m. 31. august:
Måndag – fredag kl. 10.00–15.00
Torsdag kl. 10.00–17.00

F.o.m. 01. september t.o.m. 14. mai:
Måndag – fredag kl. 10.00–15.30
Torsdag kl. 10.00–17.30

Kundeservice, tlf 05555:
Alle dagar kl. 07.00–23.00,
inkludert laurdag og sundag
men ikkje heilagdagar

www.spv.no

Vinmonopolet

Torsdag kl. 12–16
Fredag kl. 12–17
Laurdag kl. 12–15
(Stengt dei andre dagane)